Alt du treng å vite om geocaching

Geocaching er kort sagt turorientering med GPS. I staden for kart og kompass bruker du GPS eller smarttelefon for å finne fram til “postane”. På dei oppgitte koordinatane er det gøymd ein cache. I cacheboksane ligg det ofte småting (f.eks kindereggfiguar), og desse kan ein bytte til seg om ein ynskjer det. Dersom ein tar noko frå cacheboksen, er regelen at ein legg tilbake noko av minst like stor verdi.

collage geocaching

Det er over 2,5 millionar geocachar i heile verda, og over 6 millionar personar som driv med geocaching. Ordet geocache er samansett av det greske ordet geo, som tyder jord/mark, og det engelske ordet cache, som tyder gøymestad. Ordet cache blir uttala “kæsj”. 

Reglane for geocaching er enkle:

  1. Legg igjen noko med samme verdi dersom du tar noko frå geocachen
  2. Skriv deg inn i loggboka (for å “bevise” at du har funne cachen)
  3. Logg opplevinga i appen eller på www.geocaching.com
Det første ein må gjere dersom ein vil starte med geocaching er å registrere seg på geocaching.com. Her kan ein også søke opp cachar i nærleiken. Det kan vere lurt å tenke gjennom kva ein vil ha som brukarnamn, for det må skrivast i alle cacheloggane ein finn. For å navigere til cachane må ein ha ein GPS eller ein smarttelefon. Dersom ein driv geocaching med smarttelefon kan det vere lurt å laste ned ein app for geocaching. Det finnes fleire ulike appar. Den offisielle geocaching-appen frå Groundspeak kostar 70 kroner. Appen er enkel i bruk og gir tilgang til detaljert informasjon om alle geocachane. Det finnes også ein gratis intro-versjon av denne appen, som viser deg dei nærmaste cachane der du er.

Geocaching 1
Når ein har funne cachen (eller ikkje funne han), må ein registrere dette i appen eller på nett, og skrive ein liten tekst i loggen. Skriv gjerne korleis leitinga var, kvifor du var på tur i området, eller kva du synest om cachen. På den måten deler du opplevinga di med andre, og det er kjekt både for dei som finn cachen seinare, og for cache-eigar.

Cachane kjem i ulike former, størrelsar og vanskegrader. Ein geocache er ofte ein blank plastboks, men det kan også vere magnetiske rør, filmboksar eller falske steinar med hemmelege rom. Du bør sjekke størrelsen på cachen før du startar leitinga. Dei som er registrert som litenmiddels eller stor inneheld ofte bytteting. Mikro og nano har som regel berre plass til loggbok. I nokre av cachane ligg det ein gjenstand med eit sporbart registreringsnummer. Dette er ikkje bytteting, men ein såkalla sporbar reisevenn som skal reise frå cach til cach eller til eit konkret mål. Dersom du flyttar ein sporbar skal det alltid registrerast i loggen.

Geocaching 3

Nokre cachar er lette å finne, andre er vanskelegare og andre igjen er verkeleg finurlege. Ein må ikkje gi opp dersom ein ikkje finn dei første cachane ein leiter etter. Cachane er godt gøymd, slik at dei ikkje skal bli oppdaga av tilfeldige forbipasserade. Det har hendt at vi har leita fleire gonger samme plass før vi har funne cachen vi var på jakt etter. Det kan vere lurt å sjå på hint i omtalen av cachen, og sjå på bileta med eventuelle spoilerar dersom ein står heilt fast. Desto fleire cachar ein har funne, jo flinkare blir ein til å tenke kreativt og komme på alternative stader å leite.

collage geocaching 2

Geocaching er ein fin familieaktivitet. Det er kjekt å ha eit mål med turen, og det er spennande å leite etter cachen. Leitinga kan vere utfordrande for både store og små, og det er ekstra kjekt når ein finn ein cache ein har leita lenge etter. Dersom du lurer på noko meir om geocaching, kan du finne svar på det meste på den norske sida gcinfo.no og på facebooksida til Geocaching Norge.


Sjå www.utetid.net om du vil lese meir om geocaching, eller ha andre tips til uteaktivitetar med barn.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg