- Vis respekt for foreldre med lågt blodsukker. Et før du går ut, eller sørg for å ha litt provant på lur til dei vaksne og. Mette og varme vaksne er eit viktig kriterie for at ein familietur skal bli vellukka.
- Senk ambisjonane. La turen gå på barna sine premiss.
- Skogen er verdas største leikeplass. La barna få utfalde seg på eiga hand, men delta gjerne i leiken om du blir invitert med.
- Involver barna i turplanlegginga. La dei gjerne vere med å bestemme kor turen skal gå. Bli einige om turen skal gå til eit spesielt mål, eller om sjølve turen skal vere målet.
- Legg lista lågt. Turen treng korkje vere lang eller vare lenge. Ikkje undervurder nærturen. Gylne augneblink fins ikkje berre på toppen av høge fjell.
- Tenk enkelt. Ein treng verken erfaring eller dyrt utstyr for ein tur i nærområdet.
- Ta deg tid. Dersom du hastar avgarde til eit mål kan du gå glipp av verdifull kvardagsmagi undervegs.
- Små, spontane utfordringar undervegs er ofte populært. Her finn du idear til oppgåver og aktivitetar på tur.
- Pakk lett (og helst i god tid før turen), eller dropp sekken. Det er lettare å passere dørstokkmila når ein ikkje har med seg så mykje.
- Hugs bestikkelsar. Ein tursjokolade eller litt oppoverdrops kan gjere underverker for humøret til både små og store.
Sjå utetid.net/turtips dersom du treng idear til aktivitetar på tur. Her kjem det nye tips jamleg.
0 kommentarer