24 utetips til juleaktivitetskalender

Er du ein av dei som har planer om å lage aktivitetskalender til adventstida, men har ikkje kome heilt i gong enno? Her har eg samla 24 tips til aktivitetar ein kan gjere ute. Ein aktivitetsjulekalender skal ikkje vere stress, og kan gjerne vere ein kombinasjon av innetid og utetid, men her finn du i alle fall idéar til uteaktivitetane.

Den største utfordringa med ein aktivitetskalender er at det er vanskeleg å vite kva slags aktivitetar som passar på ulike dagar. Det er fleire måtar å løyse dette på. Ein måte er å ha ei nummerert liste der alle aktivitetane står (f.eks. som hugselapp på telefonen), slik at ein har oversikt over kva som står kor, og kan bytte om ved behov. Ein annan måte er å lage pakken eller lappen med dagens aktivitet klar kvelden før. Idébank for småbarnsforeldre har lansert enda ein variant: Magisk julekalender for deg som er ute i siste liten. Der er det den vesle husnissen Adventus som kjem med beskjed om kva som er dagens aktivitet. Eg trur nok kanskje at det kjem til å flytte ein liten Adventus inn hos oss også.

Her er 24 tips til utetid i adventstida

  1. Geocaching (kan kombinerast med kinderegg, så har du bytteting til cachen)
  2. Turbingo
  3. Lag kongledyr
  4. Lydsafari 
  5. Regnar det? Arranger skumparty
  6. Gå på tur til eit godteritre
  7. Snekre ei fuglekasse (julegåvetips?)
  8. Skriv ønskeliste og heng opp i eit ønsketre
  9. Lag fuglemat
  10. Turgjømsel
  11. Et kveldsmat og pepperkaker i skogen
  12. Lag kakao og inviter nokon med på kakaodate i skogen
  13. Bak lussekattar og gå luciatog i nabolaget
  14. Middag på bål (her finn du tips til bålmat)
  15. Dra på bokstavjakt
  16. Lag ballongislykt (dersom det ikkje er frost ute, kan du sette lyktene i frysen)
  17. Gå ut og blås såpebobler (dersom det er skikkeleg kaldt frys boblene til is)
  18. Dra på jakt etter stjerneteikn
  19. Lag ei refleksløype, og la barna leite seg fram til eit mål. (Ved målet kan det ligge ei overrasking: ein beskjed, ei bok eller noko anna)
  20. Dra på jakt etter raudnissegodteri
    • Christin som skriv bloggen Et eventyrlig år har fortalt at det bur raudnissar i nærleiken av hytta deira. Dei nissane snik seg av og til inn i hytta og stel godteri som dei gøymer i lommene sine. Men desse nissane har hol i lommene sine, så det hender godteriet blir liggande igjen ute i skogen. Kanskje det blir nokre slike nissar i nærleiken av deg og?)
  21. Leik gjømsel eller boksen r. Prøv gjerne alternative gjømselvariantar f.eks. omvendt gjømsel, nærgjømsel eller refleksgjømsel.
  22. Lag flaskebane i snøen
  23. Lysmaling med lommelykt og kamera
  24. Set ut graut til nissen

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sjå utetid.net dersom du ønsker julegavetips til utebarn og turvenner eller vil ha fleire idear til uteaktivitetar i mørketida.

 

2 kommentarer
    1. Her var det masse gode ideer å ta med til neste års kalender, og noen vi allerede har tatt i bruk i årets. Vi har en kombinasjon av ute- og inneaktiviteter og småting, og håper på finvær de dagene vi har lagt opp til ting ute.

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg