Likar du Pavlova? Her får du oppskrift på ein hurtigvariant av den populære kaka. Perfekt til både barnebursdag, venninneklubb og tur!
Du treng:
Marengs (f.eks. ein pose med pikekyss)
3 dl kremfløte
1 boks vaniljekrem (5oo ml)
Jordbær
Blåbær
Ev. litt mørk sjokolade
Slik gjer du:
Pisk kremfløte, og bland fløte og vaniljekrem forsiktig saman. Knus marengsen medan den framleis er i posen. Det gjer ikkje noko om bitane blir ujamne. Del jordbæra i to og rasp sjokolade. Bland saman alle ingrediensene i skåler, strø sjokolade over, og server!
Denne oppskrifta tar utgangspunkt i den populære engelske marengsdesserten Eton mess, som inneheld krem, jordbær og marengs.
Vil du har fleire tips til mat som passar på tur? Sjå www.utetid.net/turmat.
0 kommentarer