Søndag 7. september arrangerer Den Norske Turistforening Kom deg ut dagen. DNT inviterer barnefamiliar og andre til ein kjekk dag ute i naturen. Kom deg ut-dagen er eit nasjonalt arrangement, og blir i år arrangert omlag 140 ulike stader. Målet med dagen er å inspirere til friluftsliv, og gi ein smakebit på aktivitetane Turistforeningen har å by på.
Er du usikker på om det skal vere arrangement der du bur? Sjekk oversikt på komdegut.no.
Dersom det er langt til næraste arrangement, kan du lage din eigen Kom deg ut-dag. Ta med deg ein vennefamilie og et lunsjen ute. Dersom du vil ha tips til turmat kan du finne inspirasjon på utetid.net.
Kjenner du andre som likar å vere ute?
Del gjerne innlegget slik at fleire får vite om Kom deg ut-dagen!
1 kommentar
Komdegut linken skal vel være denne: http://komdegut.turistforeningen.no
?