Ny skribent i idébanken

Eg heiter Ingebjørg og er 30 år gammal. Eg er gift, og har tre aktive barn på 1, 6 og 7 år. Eg er utdanna lærar, men er for tida heime med det yngste barnet.  Vi likar å vere ute, men dørstokkmila har ofte vore hard. Familiens fire eldste medlemmer brukar tidvis mykje tid med ipad og smarttelefon. Ved nyttår i fjor bestemte eg meg for å prøve å gjere noko med det. Vi ville gjerne vere meir ute, og tenkte at turtelling kanskje kunne vere ein motivasjon for å komme seg bort frå skjermane og opp av sofaen. Vi sikta høgt, sette kvardagsturar i fokus, og laga oss eit mål om komme oss ut på 100 turar i løpet av 2014.


Utetid.net

Friluftsliv for nybegynnarar
Verken mannen min eller eg hadde noko særleg friluftserfaring før vi fekk barn. Då vi starta med utetidprosjektet fekk vi ei bratt læringskurve. Vi brukte videoar frå YouTube for å lære oss å lage bål, og har lært ein del ved å prøve og feile. Det er ikkje slik at vi absolutt må vere mest mogleg på tur, men vi opplever at vår familie fungerer godt saman når vi er ute. Det er likevel ikkje alle turane som blir like vellykka, så vi deler både gode og dårlege erfaringar. Det viktigaste vi har lært er å legge lista lågare, og la turane vere på barna sine premisser.

Idébank for småbarnsforeldre kjem eg til å dele tips til ting ein kan lage og finne på ute med barn. Eg kjem til å dele turmatoppskrifter, og generelle turtips, og så kjem eg til å skrive om nokre av turane eg og familien min drar på.

Sjå www.utetid.net dersom du vil ha meir turinspirasjon eller fleire turtips.

Utfordring på tur: Finn like mange kvistar som alderen din.

 

Kva slags utetips har du lyst til å lese om hos Idébank for småbarnsforeldre?

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg