sponsa produkt
Minstefrøkna har fått seg balansesykkel! Ho er halvanna år gammal (20 mnd), og synest det er veldig stas med eigen sykkel.
Ein balansesykkel (også kalla gåsykkel eller løpesykkel) er ein sykkel utan pedalar. Ein slik sykkel kan brukast i staden for trehjulssykkel eller tohjulssykkel med støttehjul. Dersom du har sett ein toåring på trehjulsykkel, veit du at pedalane ofte berre er i vegen. Barnet sit på sykkelen og prøver å bruke beina på bakken for styre farta. Ein balansesykkel gjer tilnærminga til sykling meir naturleg. I starten vil barnet sannsynlegvis gå bortover med sykkelen mellom beina. Tempoet aukar etterkvart som balansen blir bedre og barnet kjenner seg tryggare. Når det er klar for det, kan barnet slippe føttene fra bakken.
Erfaring med balansesykkel gjer overgangen til tohjulsykkel med pedalar mykje lettare. Balansesykkelen styrkar både balanse og koordinasjon, og er ein super måte å lære å sykle på utan støttehjul. Støttehjul gir ei unaturleg balansestøtte, men på ein løpesykkel lærer barnet å finne balanse utan støtte.
Strider ST-4 (18 mnd til 5 år)
Det finst etterkvart mange balansesyklar på marknaden. Vi har prøvd Strider ST-4, og synest den skil seg ut på fleire område. Det aller viktigaste er den lette vekta, som gjer sykkelen enkel å manøvrere sjølv for dei yngste barna. Vekt har mykje å seie for sykkelopplevelsen til barnet. Eit anna argument for å velge Strider er at sykkelen kan brukast lenge. Setet og styret kan justerast mykje, så sykkelen passar for barn frå 18 mnd til 5 år. Vi likar også at det ikkje er ringeklokke eller brems på sykkelen, fordi dette ofte virkar forstyrrande for dei yngste barna. Dersom ein ønsker brems når barnet blir større, kan det kjøpast i tillegg.
Strider er forholdsvis ny på den norske marknaden, men har vore i sal i USA sidan januar 2007. Les meir om Striker balansesyklar på stridernordic.com eller facebook.com/StriderNordic.
Sykkelen er veldig lett å sette saman (så enkelt at mor klarte det med tre ivrige barn springande rundt). Ho på 20 månader sette seg på sykkelen med ein gong eg var ferdig. Ho gjekk med sykkelen fram og tilbake i stua, stolt om ein hane. Vi prøvde sykkelen ute eit par dagar etterpå, og har sykla litt kvar dag i ei veke.
Jenta vår er framleis i første fase av balanseinnlæringa. Ho går bortover med sykkelen, av og til ståande, av og til sittande på setet. Fordi sykkelen er så lett, greier ho fint å bevege seg i ulendt terreng, eller opp og ned små fortauskantar. Ho svinger avgarde dit ho vil, og kan også gå av og på sykkelen heilt på eiga hand. Sistnemnde er veldig fint, for små bestemte frøkner på halvanna år lar seg lett distrahere av spennande ting som må utforskast på vegen.
Her kan du sjå ein fin video av ein 26 mnd gammal gut si første veke med Strider balansesykkel. Videoen viser progresjonen frå å gå til å sykle på ein veldig fin måte.
Sjå utetid.net dersom du vil lese meir om lavterskelfriluftsliv og uteaktivitetar for barn.
OBS OBS ! Flere av dere har spurt oss om man må betale toll for sykkelen siden nettsiden er på engelsk.
Syklene sendes fra Norge, eneste som tilkommer er frakt. Bestilles sykkelen innen 15 desember, får man den før jul.
STRIDER er en super julegave, den kan jo brukes med ski også!
Sykkelen kan du kjøpe HER
Hei! Kjøpte en slik etter å ha lest bloggen, fikk den i går. Skal styre være veldig tregt å svinge?
Hmmm, litt fast skal det være. Men her har ikke fireåringen noe problem med å svinge selv altså.
Er det sent å kjøpe sånn sykkel når barnet snart er 4? Kjøpte sykkel med støttehjul ifjor men hun knakk ikke sykle koden å skjønte ikke at hun måtte tråkke rundt uansett hvor mye vi prøvde.. Det samme med trehjulsykkelen , hun klarer fortsatt ikke sykle på den heller… Hun bare går rundt med den …
Hei!
Kjøpte denne i sommer til jenta mi. Hun var da 18mnd og hadde ikke problemer med å svinge. Hun har brukt den inne i vinter, og nå har vi endelig tatt den ut igjen – og skal si hun koser seg! Begynner å få god fart også! Kan anbefale denne!
Nei så absolutt ikke, mellomste vår bruker denne nå masse og planen er over på vanlig sykkel iløpet av sommeren.
Hei. Veit denne er gammel men jeg håper du kan svare. Vi har lyst til å kjøpe strider. Veit du hvor nå? Linken som ligger her fungerer ikke. På forhånd takk. Mvh Inger
Mannen min kjøpte en slik på Birk Sport i dag ?