Uteleik med tal og bokstavar

Det er mange måtar å lære på. Nokon likar best å lese det dei skal lære, andre likar å få det fortalt, medan andre igjen lærer best om dei får gjere det dei skal lære. Barn er ulike, men dei er i utgangspunktet fulle av lærelyst og nysgjerrighet. Det er jamvel ikkje alltid like lett å sitje stille og arbeide med skulearbeid inne. Når ein er ute tar ein i bruk fleire sansar samtidig, og det kan gjere læringsprosessen lettare. Kva med å kombinere utetid med å øve på norsk og matematikk i skogen? Eg har samla nokre aktivitetar som både kan fungere som utandørs skulearbeid, og som turmotivasjon på ein vanleg tur.

Norsk

  • Kroppsbokstavar:  Prøv å forme bokstavar med kroppen. Dersom det er fleire med, kan ein gjerne prøve å skrive korte ord også.
  • “Skrift i sand”: Skriv bokstavar eller ord i jord eller sand. Kanskje du kan skrive namnet ditt, og prøve å finne eit ord for kvar bokstav?
  • Bokstavjakt: Leit etter ting som liknar på bokstavar i naturen 

Eit av kompetansemåla i norsk etter 2. klasse er at barnet skal samtale om personar og handling i eventyr og forteljingar. Det er lett å finne passande rammer for eventyr i skogen. Alt som liknar bruer fungerer ypparleg til «Bukkene Bruse»-leik og eventyrsamtale. Kor var det eigentleg geitene var på veg? Kvifor var ikkje den største bukken redd for trollet? Dersom de kjenner til forteljingane om Bukkene bruse på badeland og Bukkene bruse vender tilbake, kan de kanskje dikte vidare på dei? Når ein ser store steinar, kan ein dikte historier om at det er troll som har blitt til stein i sola. Kanskje barnet kan fortelle om trollet Tambar? Bli med barna i leiken, fantasien har ingen grenser.

Matematikk
Bruk ting i naturen til å øve på teljing, rekning og former.

  • Finn 5 konglar
  • Finn 10 raude T-ar
  • Finn like mange pinnar som alderen din. Del dei i to, slik at du får dobbelt så mange. Kor mange pinnar har du no?
  • Finn ulike talmengder (f.eks. 1 blom, 2 kvistar, 3 konglar, 4 steinar, 5 blader)
  • Finn dobbelt så mange steinar/konglar/pinnar som du har, gi bort halvparten, kor mange får du? Går det an å dele på tre?
  • Finn eit blad med hol i, finn eit raudt blad, finn 3 grøne blad, finn 5 brune blad. Kor mange blad får du til saman?
  • Finn ein flat stein, finn ein rund stein
  • Kan du finne ein stein som ser ut som ein trekant? Kan du finne ein stein som liknar eit kvadrat? Kan du finne ein stein som ser ut som eit rektangel?
  • Kor mange steinar har du til saman?
  • Kan du lage tiarvenner av konglane/steinane/pinnane du har funne?

Matematikk i bevegelse
På utdanningsdirektoratet sine sider udir.no kan ein også finne tips til læringsaktivitetar ein kan gjere ute. Målet med øvinga matematikk i bevegelse er å motivere til matematikk ved å skape variasjon ved å vere i rørsle. Denne øvinga inneheld blant anna utrekning av gjennomsnittsfart ved å måle tid og lengde, og å lage reknestykker av ei ulik mengd materiale

Varier vanskegrad etter nivå, og element etter stad og årstid.

Naturfag
I naturfag er eit av kompetansemåla at eleven skal bruke sansane til å utforske verda i det nære miljøet. Eit anna er at ein skal beskrive og samtale om sansane og bruke dei bevisst i observasjonar ved aktivitetar ute og inne. Sanseleik i skogen kan vere ein fin måte å øve på dette.

  • Snu deg rundt 360 grader, kva ser du? Ver heilt stille, kan du høyre noko? Kva luktar det i skogen? Finn du noko som går an å ete? Korleis smakar det eigentleg? Ta på bakken eller trea rundt deg, og prøv å skildre korleis det kjennes ut.
  • Lydsafari
kvistar
Finn like mange pinnar som alderen din. Del dei i to, slik at du får dobbelt så mange. Kor mange pinnar har du no?
0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg